Dårleg inneklima på jobb eller heime?
Vi bistår med prosjektering og montering av nytt balansert ventilasjonsanlegg, samt reparasjon, vedlikehald og modernisering av eksisterande anlegg.
Vi bidreg til å sikre god luftkvalitet og senke energiforbruket.
Ventilasjonsfilter er avgjerande både for inneklimaet, levetid og energiforbruk til ventilasjonsaggregatet.
Det er anbefalt å bytte minimum ein gong i året, oftare etter behov. Vi leverer filter til alle aggregat, om du ønsker legg vi ditt bygg til i vår servicekalender slik at du får riktig filter til ditt anlegg levert i det tidsintervallet du ønsker. Om du ønsker bistand med bytte av filter tek vi òg service på anlegget.
Ventilasjonsfiltera vi leverer er produsert lokalt på Bismo, og er nokre av dei beste i marknaden.
Vi innregulerer og balanserer ventilasjonsanlegget, slik at luftmengder, temperatur og luftkvalitet blir riktig i forhold til bygget.
Har du eit eldre anlegg som ikkje er i balanse, tek vi gjerne ein service på aggregatet og innregulerer luftmengdene.
Ventilasjonskanalar kan ha behov for rens, men stort sett er det i det første partiet av avtrekkskanalane støvet samlar seg. Vi bistår med å sjå over og rense ved behov.
På vårt lager på Nordsida har vi rør, deler og det meste du treng for å installere eit ventilasjonsanlegg. Treng du spesialdeler eller noko utanom standard til ditt prosjekt, så produserer vi det på vår verkstad.
Blikkenslager Kvamme AS
Panoramavegen 920, 6795 Blaksæter
TLF: 94798282 E-post: post@blikkenslagerkvamme.no
Copyright © 2024 Blikkenslager Kvamme AS - Med einerett.
Vi bruker informasjonskapsler til å analysere nettstedstrafikk og til å optimalisere nettstedsopplevelsen din. Ved å godta vår bruk av informasjonskapsler, vil dataene dine bli samlet med alle andre brukerdata.