Vi utfører fasade- og takarbeid for privatkundar, industri og offentlege bygg. Vi båndtekker, monterer kassettar, panel og og plater. Ved behov bestiller vi òg prefabrikkerte produkt som vert forskriftsmessig montert.
Bildet over viser enebolig med båndtekka fasade i naturmaterialet tombak som under påkjenning frå vêr og vind vil gå frå ein gyllen gullfarge til brun, før materialet etter ca. 200 år får den velkjente grønn fargen til kobber. Tombak er produsert av kobber og sink.
På Loen Skylift har vi båndtekka både tak og fasade på deler av fleire bygg ved fjorden og ved toppstastasjonen på Hoven. Her er det brukt naturmaterialet sink, som får eit unikt og vakkert uttrykk til meir tid det får stå ute og bli påverka av naturkreftene.
Flik Eiendom har gjort om andre etasje på Frydenbø bygget i Stryn Sentrum frå næring til leiligheter. Fasaden er tatt igjen og denne har vi kledd i 4 mm StacBond aluminium kompositt panel. Panela leverast i over 100 ulike uttrykk, fargar og tekstur.
På Loen kyrkje har vi tatt igjen beslagsarbeidet på taket, samt utført reparasjon på kobberen på tårnet.
Hos Innvik AS har vi produsert og montert gesims. Teknikken brukt er enkel stangfals med synleg innfesting. Etter fullført montasje av kassettane avslutta vi i topp med lufte- og toppbeslag.
God beskyttelse mot vêr og vind krev gode beslag og ein tett pipehatt. Vi produserer etter dine mål og ønsker. Kobber, sink, messing, stål og aluminium i alle fargar er døme på plater vi nyttar i vår produksjon. Alt du treng av taksikring både på privathus og næringsbygg monterer vi. Takstege, feieplatå, snøfangar, takrenne og nedløp.
Bildet over viser arbeid utført i forbindelse med takfornying på Frendehall ungdomsus på Nordsida i Stryn kommune. Vi leverte og monterte pipehatt og beslag. Takrenner og snøfangar vart også oppgradert.
Tradisjonell svart pipehatt i plastbelagt stål, med rustfri topp og bue. Blykrage i overgang mellom tak og pipe. Denne hatten leverer vi også i fargar som rød og grå.
Mosebeslag hindrar groe på tak.
Ulike material kan velagst, kobber, sink og bly.
Når regnvatn treff beslaget, ioniserer metallet og avrenninga motverkar at mosen får feste seg og gro.
Vi har ulike variantar lagerført, eller vi kan skreddarsy løysning for ditt hus.
Singerheimen i Olden er eit unikt og verna bygg der vi har tatt igjen takrenner, nedløp, beslag, pipetoppar og båndtekking i kobber og sink.
Mønebeslag i kobber med luftebeslag under. Gir eit eige preg på huset, samt hindrar groe.
Blikkenslager Kvamme AS
Panoramavegen 920, 6795 Blaksæter
TLF: 97 57 28 87 E-post: post@blikkenslagerkvamme
Copyright © 2024 Blikkenslager Kvamme AS - Med einerett.
Vi bruker informasjonskapsler til å analysere nettstedstrafikk og til å optimalisere nettstedsopplevelsen din. Ved å godta vår bruk av informasjonskapsler, vil dataene dine bli samlet med alle andre brukerdata.