Blikkenslager Kvamme AS
Blikkenslager Kvamme AS
  • HEIM
  • VÅRE FAGOMRÅDER
  • AKTUELT
  • OM OSS
  • KONTAKT OSS
  • JOBB HOS OSS
  • Mer
    • HEIM
    • VÅRE FAGOMRÅDER
    • AKTUELT
    • OM OSS
    • KONTAKT OSS
    • JOBB HOS OSS
  • HEIM
  • VÅRE FAGOMRÅDER
  • AKTUELT
  • OM OSS
  • KONTAKT OSS
  • JOBB HOS OSS

VENTILASJON

Dårleg inneklima på jobb eller heime? 


Vi bistår med prosjektering og montering av nytt balansert ventilasjonsanlegg samt reparasjon, vedlikehald og modernisering av eksisterande anlegg. 


Vi bidreg til å sikre god luftkvalitet og senke energiforbruket. 

Balansert ventilasjonsanlegg

Vi innregulerer og balanserer ventilasjonsanlegget, slik at luftmengder, temperatur og luftkvalitet blir riktig i forhold til bygget.


Har du eit eldre anlegg som ikkje er i balanse, tek vi gjerne ein service på aggregatet og innregulerer luftmengdene.

Ventilasjonsfilter

Ventilasjonsfilter er avgjerande både for inneklimaet, levetid og energiforbruk til ventilasjonsaggregatet.


Det er anbefalt å bytte minimum ein gong i året, oftare etter behov. Vi leverer filter til alle aggregat og legg til ditt aggregat i servicekalender slik at du får riktig filter til ditt anlegg levert i det tidsintervallet du ønsker. Om du ønsker bistand med bytte av filter tek vi òg service på anlegget.


Ventilasjonsfiltera vi leverer er produsert av Interfil lokalt på Bismo, og er dei best i marknaden både til bolig- og næringsaggregat.


Kanalrens

Dei fleste produsentar av ventilasjonsaggregat anbefalar rens av kanalar etter 5 år. Vår erfaring viser at på boligaggregat er det optimale å ta rensen etter 10 år. Då har det samla seg opp mykje støv i avtrekkskanalane som ein børsterens vil fjerne.


Vi rensar avtrekkskanalane, tek kamerainspeksjon av kanalnettet, innregulerer ventilane og tek service på aggregatet og slitasjekomponentar.


Ta kontakt om du har eit ventilasjonsanlegg i din bolig som er eldre enn 10 år.


Lager

På vårt lager på Nordsida har vi rør, deler og det meste du treng for å installere eit ventilasjonsanlegg. Treng du spesialdeler eller noko utanom standard til ditt prosjekt, så produserer vi det på vår verkstad.

Blikkenslager Kvamme AS

Panoramavegen 920, 6795 Blaksæter

Tlf: 97572887 E-post: post@blikkenslagerkvamme.no

Copyright © 2025 Blikkenslager Kvamme AS - Med einerett.

Dette nettstedet benytter informasjonskapsler.

Vi bruker informasjonskapsler til å analysere nettstedstrafikk og til å optimalisere nettstedsopplevelsen din. Ved å godta vår bruk av informasjonskapsler, vil dataene dine bli samlet med alle andre brukerdata.

Godta