Montør
Blikkenslager Kvamme AS
Blikkenslager Kvamme AS søkjer ein sjølvstendig og påliteleg Operativ Montør som trivst i ein aktiv kvardag ute hos kundar og på byggeplass. Du vil vere ein viktig del av laget vårt og representere bedrifta gjennom fagleg godt handverk og god dialog med kundar og samarbeidspartnarar i byggjebransjen.
Arbeidsoppgåver
- Montering på tak og fasade
- Montering av pipebeslag, pipehattar og spesialtilpassa beslag
- Måltaking, befaring og vurdering av løysingar på oppdrag
- Kontakt med kundar, entreprenørar og handverkarar på byggeplass
Kvalifikasjonar
- Fagbrev som blikkenslagar eller anna relevant byggfagleg bakgrunn
- (lang erfaring kan kompensere for fagbrev)
- Gode ferdigheiter i bruk av handverktøy og maskiner
- Evne til å forstå teikningar/byggdetaljar
- Førarkort klasse B (BE er ein fordel)
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Nøyaktig, praktisk og kvalitetsbevisst
- Strukturert og løysingsorientert
- Serviceinnstilt og trygg i kundedialog
- Sjølvstendig, men samarbeidsvillig og god lagspelar
- Initiativrik og ansvarleg i eigen arbeidskvardag
Vi tilbyr
- Ein variert og sjølvstendig arbeidskvardag i eit solid og fagsterkt miljø
- Høve til å jobbe med spennande prosjekt i regionen
- Trivelege kollegaer og godt arbeidsmiljø
- Moglegheiter for fagleg utvikling og vidare kompetansebygging
- Konkurransedyktige vilkår og ordna arbeidsforhold
- Firmabilordning
Søknad
Send søknad med CV til: post@blikkenslagerkvamme.no
Kontakt
For spørsmål om stillinga, kontakt:
Martin Kvamme – tlf. 975 72 887
Søknadsfrist: Snarest



