Ledig stilling: Ventilasjonstekniker

Vi treng fleire ventilasjonsteknikerar med på laget i Blikkenslager Kvamme. Vi søker deg som har ei interesse for ventilasjon, med byggfagleg bakgrunn. Tømrar, elektriker eller anna med ønske om å prøve noko nytt? Er du sjølvstendig, påliteleg og likar ein aktiv kvardag? Trivst du i kombinasjonen av tekniske utfordringar og praktisk montasje? Då gledar vi oss til å høyre frå deg!

Du vil bli ein del av laget vårt som bistår både offentlege-, næring- og privatkundar lokalt i Stryn kommune.

Arbeidsoppgåver:

  • Montering av ventilasjon
  • Service og oppgradering av eksisterande ventilasjonsanlegg
  • Kontakt med kundar, entreprenørar og handverkarar på byggeplass

Kvalifikasjonar:

  • Fagbrev som handverkar eller anna relevant byggfagleg bakgrunn
  • Gode ferdigheiter i bruk av handverktøy og maskiner
  • Evne til å forstå teikningar/byggdetaljar
  • Førarkort klasse B (BE er ein fordel)
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Nøyaktig, praktisk og kvalitetsbevisst
  • Strukturert og løysingsorientert
  • Serviceinnstilt og trygg i kundedialog
  • Sjølvstendig, men samarbeidsvillig og god lagspelar
  • Initiativrik og ansvarleg i eigen arbeidskvardag

Vi tilbyr

  • Ein variert og sjølvstendig arbeidskvardag i eit solid og fagsterkt miljø
  • Høve til å jobbe med spennande prosjekt lokalt
  • Trivelege kollegaer og godt arbeidsmiljø
  • Moglegheiter for fagleg utvikling og vidare kompetansebygging
  • Konkurransedyktige vilkår og ordna arbeidsforhold
  • Firmabilordning

Søknad

Send søknad med CV til: post@blikkenslagerkvamme.no

Kontakt

For spørsmål om stillinga, kontakt:

Katrine Fjellvang – tlf. 99 32 36 74

Søknadsfrist: 15.05.26