Vi treng fleire ventilasjonsteknikerar med på laget i Blikkenslager Kvamme. Vi søker deg som har ei interesse for ventilasjon, med byggfagleg bakgrunn. Tømrar, elektriker eller anna med ønske om å prøve noko nytt? Er du sjølvstendig, påliteleg og likar ein aktiv kvardag? Trivst du i kombinasjonen av tekniske utfordringar og praktisk montasje? Då gledar vi oss til å høyre frå deg!
Du vil bli ein del av laget vårt som bistår både offentlege-, næring- og privatkundar lokalt i Stryn kommune.
Arbeidsoppgåver:
- Montering av ventilasjon
- Service og oppgradering av eksisterande ventilasjonsanlegg
- Kontakt med kundar, entreprenørar og handverkarar på byggeplass
Kvalifikasjonar:
- Fagbrev som handverkar eller anna relevant byggfagleg bakgrunn
- Gode ferdigheiter i bruk av handverktøy og maskiner
- Evne til å forstå teikningar/byggdetaljar
- Førarkort klasse B (BE er ein fordel)
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Nøyaktig, praktisk og kvalitetsbevisst
- Strukturert og løysingsorientert
- Serviceinnstilt og trygg i kundedialog
- Sjølvstendig, men samarbeidsvillig og god lagspelar
- Initiativrik og ansvarleg i eigen arbeidskvardag
Vi tilbyr
- Ein variert og sjølvstendig arbeidskvardag i eit solid og fagsterkt miljø
- Høve til å jobbe med spennande prosjekt lokalt
- Trivelege kollegaer og godt arbeidsmiljø
- Moglegheiter for fagleg utvikling og vidare kompetansebygging
- Konkurransedyktige vilkår og ordna arbeidsforhold
- Firmabilordning
Søknad
Send søknad med CV til: post@blikkenslagerkvamme.no
Kontakt
For spørsmål om stillinga, kontakt:
Katrine Fjellvang – tlf. 99 32 36 74
Søknadsfrist: 15.05.26



